HISTORIA BAK

HISTORIA BAK «JULESONG FRÅ BERGENSARTISTAR TIL INNTEKT FOR REDD BARNA»
 

BAKGRUNN

Lorentz Nybø skreiv teksten Jolekveld på Voss i 1907. I desember 2023 sende bandkollega Brynjulf Stige meg teksten. Det var ein sterkt og annleis juletekst som rørte meg. Teksten handla m.a. om at krigen ikkje tek pause i jula. Me laga kvar vår melodi til teksten og låtskisser vart lagt ut på bandsida Brynjulf Stige & Marm.

Så skjedde det ikkje noko meir... Før november i år, då artist Trine Dueseund og eg snakka om å skrive ein julesong i saman. I ideutvekslinga kom "Jolekveld" for ein dag. Trine likte songen så godt at ho ville me skulle jobbe med den i staden for å skrive ein ny.

18. november besøkte eg Trine og Eirik på Straume for å øve på songen. Me laga eit trestemt arrangement og fekk ideen om å spele songen inn til eit veldedig føremål. Det såg lenge ut som om det skulle verte med tanken, men etter ei veke med vurdering og meldingar fram og tilbake vart me einige om å gjera alvor av ideen. Eg kontakta ulike veldedigheitssorganisasjonar og det viste seg at Redd Barna var dei som viste størst interesse for prosjektet. Etter møte med Redd Barna Bergen sjekka eg kva lydstudioer som var ledige i Bergen. Polyfon Studio 5. og 6. desember var det som var ledig på kort varsel. Datoane passa diverre ikkje for Duesund, men ho ville likevel at me skulle gjennomføre innspelinga utan ho og Eirik. Ho meinte at saka var viktigare enn kven som deltok på innspelinga.

26. november oppretta eg ei lukka Facebook-gruppe der eg inviterte inn potensielle musikarar og vokalistar til innspelinga. I tillegg delte eg gruppa og inviterte dei som ynskte å delta til å melde seg inn i gruppa. Der kunne interesserte finne låtskisser, både innspeling og notar. Medan besetninga gradvis tok form jobba eg med sponsor til prosjektet. Stageway og GC Rieber sponsa studioleige, medan Godt Brød, Dominos Pizza og Rema 1000/Grans Bryggeri sponsa mat og drikke. Eg engasjerte også Eirik Sæle til å filme og lage musikkvideo.

Torsdag 5. desember kl. 12.00 møtte bandet i studio for å spele inn kompet. Musikarane hadde ikkje spelt eller øvd i saman. Sjølv hadde eg produsentrolle då eg skada handledd og skulder i haust og ikkje var i stand til å spele. 15.30 var kompet ferdig. 16.00 kom Godt Brød med pizza som bestilt, og 11 vokalistar møtte i studio for å synge. Me fordelte solistroller og ein etter ein gjekk vokalistane inn for å synge sin del. Til slutt vart alle med på å synge refrenget i saman. 21.00 var all vokal spelt inn.

Fredag 6.desember kl. 12.00 møtte Mari Persen i studio for å legge på stryk. Ho arrangerte trestemmig stryk på gehør og alt var ferdig innspelt til 13.30, slik at Mari rakk spelejobben sin på DNS.

14.00 kom barnekora Sandviken Barnegospel og Collegium Vocale Jenter for å synge inn a capella avslutting på refrenget - til saman 30 jenter. Sjølv om nokre gjekk av på feil bybanestopp var innspelinga unnagjort til Dominos leverte pizza som avtalt kl. 15.15. Til pizzaen fekk jentene Grans julebrus frå Rema 1000, og nokre hadde med heimebakte bollar. Det vart ei fin førjulsstund og jentene fekk også ei omvising i kontrollrommet.

16.00 kom Lars Hammersland for å legge på Hammond B3-orgel med ekte Leslie. Pålegg var unnagjort på under to timar og Lars vart skyssa vidare til spelejobb på Ole Bull Scene.

Studiotekniker Leif Herland og eg høyrte igjennom opptaka, vart einige om nokre småting før eg var sendt heimatt slik at Leif fekk fred til å editere.

Seinare fredag kveld vart editert råmiks sendt til Morten Skage på Vaksdal. Etter ein kort telefonprat laurdag sette Morten i gang med arbeidet og ferdig miks vart sendt tilbake til meg sundag kveld.

Etter ei gjennomlytting vart miksen sendt til Iver Sandøy som mastra låten og returnerte master måndag ettermiddag. Master vart sendt til Daniel Engen Productions og vidare for publisering på alle plattformer så fort som mogleg.

Paralelt med dette jobba fotograf Eirik Sæle med cover, medan vokalist Kent Morten Jørgensen samla inn data til alle artistporfilane som skulle samkøyrast på Spotify m.m. FIlmen vart ferdigstilt og det vart laga ei nettside for prosjektet.

Alle involverte har stilt opp gratis på prosjektet og eg har ikkje møtt anna enn velvilje overalt. Tusen takk skal de ha!

Framtidige strøymeinnktekter skal gå til katastrofefondet til Redd Barna og det er oppretta ein spleis med QR-kode i filmen.

Mange barn må tilbringe jula i krig. Me vonar me kan utgjera ein forskjell med denne utgjevinga og me vonar du kan hjelpe oss med det gjennom å strøyme og dele låten og å bidra i spleisen.

Vonar låten og videoen fell i smak og at alle kan ta med seg refrenget inn i jula: «Fred på jord, der håpet gror».

Beste helsing prosjektleiar Øystein Lydvo på vegne av Bergen For Verden.

Pre-release: Sandvikskirken 13. desember 07.30. Øystein med Sandviken Barnegospel.

Støttekonsert: Tre Brør på Voss fredag 20. desember 18.00.

Støttekonsert: Madam Felle sundag 22. desember 17.00.

Nettside: https://jolekveld.webnode.page/ 

Spleis: https://www.spleis.no/project/401086 

Spotify: https://open.spotify.com/album/5pM2MTkTkEcIhecV0FicoE?si=l_usZuK-TnGkTdxuPVwoQw 

Med ynskje om eit godt år i vente... 🌻

NB! Hilde Fischer-Stratton vart ved ein feil utelatt i rulleteksten. Oppdatert versjon vert lagt ut på YouTube og nettsida vår.

Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang