KVEN

Med helsing og takk frå Øystein:

Eg er imponert over alle som deltok på innspelinga på så kort varsel og vil skrive nokre ord om det her.

Bandet møtte 12.00 torsdag 05.12. for å legge kompet. Då det var vanskelig å få tak i trommis og bassist som kunne møte til rett tid henvendte eg meg til jazzlinja på Griegakademiet (UiB) få dagar før innspeling. Stian Aase og Jakob Borgen Bakkevoll hadde ikkje fått tid til å sjå mykje på låten før dei kom i studio og la det stødige kompet. Det skal også seiast at arrangementet på låten endra seg fleire gongar tett oppunder innspeling, med ymse modulasjoner osv., noko bandet tok på strak arm. Kompet er spelt inn live, utan headset og klikk, og musikarane hadde aldri spelt i saman før.

Då 10 vokalister, mange ukjende stemmer for meg, dukka opp i studio i firetida torsdagen var det ikkje bestemt kven som skulle synge kva. Det einaste eg hadde bestemt var at Dennis Reksten skulle ha verset som modulerer til D-dur. Facebook-gruppa, der skisser til låten vart lagt ut, vart oppretta ei god veke før innspeling, så det var ikkje mykje vokalistane hadde fått sett på låten. Me song igjennom låten eit par gonger på kontrollrommet før eg fordelte solistroller. Ein etter ein gjekk dei inn i studio og song sin del. Og dei song ikkje berre fint og feilfritt, men dei klarte på denne korte tida å lage sin personlege vri på melodien, med signaturfrasering, stor innleving og overbevisande formidling. 

Barnekora stilte også på kort varsel, kom rett etter skulen fredag i pøsande regn og song på andre take den nydelige og sjarmerande avsluttinga på songen: Fred på jord... Ein stor takk til dirigentane Birgit Paulsen og Kristine Mjånes som snudde seg fort rundt og fekk 30 jenter i studio! 

Mari Persen og Lars Hammersland hadde det båe travelt med spelejobbar, men me fann ei tid som passa og på knappe to timar hadde dei løfta Jolekveld opp til eit endå høgare nivå, med nydeleg strykearrangement og fyrsteklasses Hammond orgel med ekte Leslie.

Ein takk også til Leif Herland, Morten Skage, Iver Sandøy og Daniel Engen som prioriterte Jolekveld for å få til ei kjapp lansering (13.12.). Og ikkje minst vokalist og altmoglegmann Kent Jørgensen: Utan deg hadde det vorte vanskelig å få til dette. Alle sette de andre planar til sides og jobba uløna for ei god sak. Me kunne ha venta til neste år, men skal eg vera heilt ærleg trur eg det hadde vorte ein kjedelegare versjon. Nerva og det intuitive ein får i eit slik "hastverksprosjekt" mister ein i eit planlagt og kalkulert prosjekt. Eg trur det spontane er avgjerende for at resultatet vart så bra, og ikkje minst: I 2025-versjonen hadde eg ikkje fått med akkurat desse flotte artistane og musikarane! Og så er det litt artig å tenke på at me slo We Are the World med ei veke frå ide til utgjeving...Takk igjen! De imponerte stort alle saman!




Takk til musikarar, artistar og produksjon

Medvirkande Bergen For Verden

Brynjulf Stige

Trine Dueseund

Eirik Straume

Stian Aase

Jakob Borgen Bakkevoll

Sjur Hjeltnes

Lars Hammersland

Josefine Lunde Hansen Bø

Mari Persen

Øystein Lydvo

Kent Morten Jørgensen

Chris Lund

Line Beate Martnes

Hilde Fischer-Stratton

Jeanette Tyssøy Folgerø

Irina Benjamin

Thomas Martinussen Trettenes

Dennis Reksten

Francis McAuley

Synneva Hansen-Noel

Birgit Paulsen

Kristin Bjånes

Øystein Lydvo

Mari Persen

Morten Skage

Iver Sandøy

Eirik Aurlund Sæle

Erlend Styve

Solveig Skare

Tor Schei Hellesnes

Karen Fadnes Brattebø

Åshild Bøe Kharazmi

Kåre Opheim

Bjørnar Kaldefoss Tveita

Sindre Medhus

Irene Tillung

Yngve Høyland

Dyrdal Mat AS

Voss Brandstore AS,

Vossabakst handverksbakeri

Alpino Pizzeria

S. Endeve Sport

Monica Johansen

Hilde Johannessen

Bridget Penny

Inge Skrede

Trude Storheim

Yorick S. Gontarek

Dagfinn Iversen

Bjørnar Ekse Brandseth

Oddvar Ekse

Frøydis Århus

Ruben Løvvang

Marthe Valle

Espen Thorbjørnsen

Elin Sofye

Knut Tørråasen

Kristian Lindseth

Løvfall

Marthe Padøy

Tyra Fosheim Eide

Kristian Selbak

Cata Staicu

Filip Unneland

Frode Unnelang

Kristian Lindseth

Eirik Halvorsen

Kristelle Johnsen

Carl Espen

Marianne Curtis

Christian Rieber

Stageway

Daniel Engen

Henrik Skauge

Fredrik Mekki

Andreas Pettersen

Thomas Høiseth

Lasse Lambrechts

Torgeir Paulsen

Christina McKibben Linde

Hans Peter Endal - bass.

Christer Samuelsen

Godt Brød

Dominos Pizza

Rema 1000

Grans Bryggeri

Promotions AS

Sandviken Barnegospel (10 jenter)

Collegium Vocale Jenter (20 jenter)

Minimidising (10 jenter)




Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang