( klikk på LÅTA for å opne den på Spotify )

Jolekveld (Lorentz Nybø, 1907)
Det gjeng gjennom himmelrommet
ei lysing mot høgste kveld
Og gjennom kvelden den skume
ein løyndomsfull tone skjelv
Og verda ligg stille og smiler
i reinaste høgtidsskrud
Dei trøytte hender seg kviler
og nestast i takk til Gud
Den hatfulle hatet gløymer
den vonde vert mild og god
Og krigsmannen våpena gøymer
og vaskar seg rein for blod
Det breier seg fred på jorda
all stridslarm er stilna av
Igjen kan vi hugse orda
som jolekveldshåpet gav
Men krigshugen berre slumrar
snart vaknar han opp på ny
Og framleis som før ein rumlar
og blod-eimen står mot sky
(Fred på jord, der du bor
fred på vår jord, der håpet gror)